Ein intens spionthriller – frå verkelegheita

Ein intens spionthriller – frå verkelegheita

Eventyrlege Eit hemmeleg liv av Sigrun Slapgard er agenthistoria du må lese denne jula, om den mystiske og sjølvoppofrande norske motstandshelten Wilhelm Holst.

«Historien om Wilhelm Holst inneholder så mye heseblesende dramatikk, fargerike karakterer og engasjerende detaljer at den hever seg over det aller meste av samtidig norsk dokumentarlitteratur», skreiv Sindre Hovdenakk i VG i november – og trilla ein seksar.

Då den spanske borgarkrigen bryt ut i 1936, bur familien Holst i Paris, der Wilhelm Holst driv forretningar som no går så dårleg at kona Anna og dei tre barna blir sende heim til Annas barndomsheim, i Ådalen på Ringerike. Wilhelm på si side, drar til Spania for å drive humanitært og antifascistisk arbeid. Her byrjar òg spørsmåla om Wilhelm Holsts mange identitetar å melde seg. Kven var eigentleg denne kvekarsonen frå Drammen, som etter kvart skulle kome til å spele ei sentral rolle som britisk spesialagent under den andre verdskrigen?

Wilhelm og Anna da dei gifta seg i 1921, han skipperson, ho storgardsdotter. Dei prøvde å bygge eit liv i eit skakkøyrt Europa.

 

«Historien om denne ukjente nordmannens liv inneholder absolutt alt man måtte ønske seg av dramatiske, romantiske og tragiske elementer. [...] Resultatet er ualminnelig vellykket.»   Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten

For seks år sidan fekk journalist og forfattar Sigrun Slapgard telefon frå barnebarnet til Holst, Ole Christian Kleppe. Han kunne fortelje om ein høgt dekorert motstandsmann, men som det òg mangla mykje info om. I arbeidet med boka har Slapgard og Kleppe besøkt arkiv i London, Paris, Washington og Oslo, der gåter har blitt løyste, men også blitt verande uoppklarte.

 

Wilhelm blei etter kvart ein meister i dobbeltroller og var fleire gonger nær ved å bli tatt av Gestapo. Her i Paris under krigen.

 

«Boka har vorte mykje meir enn ein biografi: I tillegg til jakta på det verkelege livet til ein agent som opererte i løynd, gir ho engasjerande perspektiv på den spanske borgarkrigen og motstandsarbeidet i Europa.»
Brageprisjuryen


I Eit hemmeleg liv følgjer vi motstandsmannen Holst frå Spania og vidare til Frankrike, der han blir tungt involvert i både britisk etterretning og fransk motstandsarbeid. Tett ved si side har han den britiske sjukepleiaren og agenten Madge, som òg blir kalla fru Holst – utan å faktisk vere det. I løpet av desse åra risikerer han ved fleire høve sitt eige liv i rednings- og sabotasjeaksjonar, og som far opplever han å miste dei to sønene sine heime i trygge Noreg, i ein tysk represalieaksjon. Ikkje før krigens slutt returnerer han til heimlandet.

 

«Den spanske borgerkrigen kan Slapgard ut og inn, her har hun også stupt inn i fransk motstandsarbeid og britisk etterretning, i et drama med et eventyrlig tilsnitt.»
Guri Hjeltnes, Prosa

Veven av fransk undergrunnsnettverk Wilhelm og Madge var ein del av, han i gruppa «Billet» og ho i «Pierre Jacques», markert med line ned mot høgre.

 

Kvifor oppsøkte Wilhelm Holst den eine faren etter den andre i staden for å reise heim til kone og barn i Noreg? Nokon fasit på dette eventyrlege og sjølvoppofrande livet kan ikkje forfattaren gi, men eit rørande, spennande og intenst portrett av ein norsk motstandshelt og eit Europa i krig, dét får ein.

«Historia si har norske motstandsfolk, direkte eller indirekte, skrive sjølv, og ho er heilnorsk. Annleis kan det ikkje forklarast at eit så dramatisk, menneskeleg gripande og historisk høginteressant kapittel i denne forteljinga først blir skrive no. [...] «Slapgard [...] skriv fram eit fascinerande, fleirtydig psykologisk portrett av ein mann vi er vane til å møte som stereotyp nasjonal-oppbyggeleg helt. Det er ei bragd.»
Geir Pollen, Klassekampen

 

Wilhelm og dottera Lissen på tur til Cannes i 1949, kort tid før han døydde.

Alle foto: Familien Holst. 

 


 


Eit hemmeleg liv

SIGRUN SLAPGARD


Jakta på den løynde historia om ein ukjent krigshelt.

 

Kven var han, Wilhelm Holst, og kven var den britiske kvinna som ikkje var hans eigentlege kone? I Eit hemmeleg liv dreg barnebarnet Ole Christian Kleppe på jakt etter løyndomane i livet til ein bestefar han aldri møtte. Saman med forfattar Sigrun Slapgard leiter han i hemmelegstempla dokument og brevsamlingar, og gradvis trer historia fram - ei skakande forteljing om korleis to brutale krigar endra livet til ein mann og slo inn i ein familie.

Nominert til Brageprisen 2020.