Om frustrasjonen over det statiske og ei lengsle etter rørsle ut

Om frustrasjonen over det statiske og ei lengsle etter rørsle ut

 

Ingrid Senje har alltid likt å skrive noveller, og no debuterer ho med novellesamlinga Stupeteknikk. Alle tekstane handlar om å kjenne seg fastlåst i noko, og Senje vel seg gjerne karakterar som er usympatiske.  

 

 Gratulerer med bok, Ingrid! Korleis er det å debutere? 

– Tusen takk! Det er både veldig fint og veldig rart å sjå noko ein har jobba med så lenge, bli til ei ordentleg bok. Og så er det sjølvsagt nervepirrande òg, for kva skjer no? Vil boka finne lesarane sine? Vil nokon få noko ut av det eg har skrive? Det blir spennande å sjå!   

Korleis har vegen fram til bok vore? 

– Eg har alltid skrive noveller, heilt sidan eg var barn. Eg var eit sånt barn som elska norsk, og som alltid fekk tekstane sine lesne opp i klasserommet, og som svarte at eg skulle bli forfattar, viss folk spurde meg om kva eg skulle bli når eg blei stor. Men då eg byrja å studere litteraturvitskap, vart eg råka av ein veldig prestasjonsangst og byrja å svare «nei» viss folk spurde meg om eg skreiv sjølv.    

 

Men forfattar har du blitt, så kva skjedde? 

– Mykje lausna for meg då eg kom inn på Skrivekunstakademiet og blei tvinga til å snakke høgt om mi eiga skriving saman med andre skrivande. Det meste eg har lært om å skrive, lærte eg der, men det har sjølvsagt òg vore ein læringsprosess i arbeidet med denne boka.    

Då eg gjekk ut av Skrivekunstakademiet, såg eg for meg at eg ville gi ut ei bok innan eit år eller to. No har det altså gått ganske nøyaktig fem år, og eg har forkasta alle dei tekstane som opphavleg utgjorde manuset. Det har vore mange skjer i sjøen, men også oppturar, som publiseringa av noveller i Signaler og i Ingenmannsland, som har gitt meg trua på at det er verdt å halde fram med arbeidet. Ein kan kanskje seie det slik at boka brukte lang tid på å finne den riktige heimen, men etter at eg byrja å jobbe med redaktør, har prosessen vore veldig givande, og eg har ofte hatt den kjensla ein alltid søkjer etter: at motstanden ein får, gjer tekstane betre, og at arbeidet går framover. 

Visste du da du begynte å skrive, at det kom til å bli ei samling noveller? 

– Ja, at det var ei novellesamling eg skulle debutere med, har eg vore ganske sikker på heile vegen. Eg finn ein slags fridom i dei tydelege rammene og moglegheitene som ligg i sjangeren. For meg blir det som å teikne på eit kvitt A4-ark versus ein uendeleg papirrull – kva skal ein fylle all den plassen med?

 

Kan du seie noko om tittelen?

– Tittelen, Stupeteknikk, er henta frå ei av novellene, der hovudpersonen, ei ung jente, forsøker å imponere stupetrenaren sin, som ho er hemmeleg forelska i. I den teksten spring attforteljinga hennar av kva som er teknisk viktig når ein stuper, parallelt med handlinga, og forklaringa av kva som er god stupeteknikk, er meint å spegle utviklinga både konkret og metaforisk.

På same måten tenkjer eg at tittelen på eit vis samlar novellene i samlinga, fordi karakterane ofte beveger seg på kanten av høge stup i relasjonane dei inngår i. Det er mykje sjølvsabotasje her, meir stuping enn fall, kan ein kanskje seie.   

Den situasjonen eller den kjensla du skildrar i tittelnovella, går att i fleire tekstar? 

– Ja, mange av novellene handlar om å kjenne seg fastlåst i noko, om frustrasjonen over det statiske og ei lengsle etter rørsle ut. Som i «Det siste hotellrommet», der hovudpersonen er på reise med kjærasten, som berre vil sove heile tida, og ho kjenner seg freista til å stikke frå han. Samstundes er ho bunden av ein slags sosial kontrakt: Kjærasten har vore gjennom noko vanskeleg, og ein går ikkje frå ein som slit. Eg synest det er ein interessant kontrast her, mellom det ein veit ein burde gjere, og det ein eigentleg vil gjere – den typen ønske ein ofte undertrykker, sjølv i sitt eiget hovud, når ein seier til seg sjølv: Dette kan eg ikkje tenkje.

Fleire av tekstane handlar om den typen situasjonar, og dei skildrar ofte dei augneblinkane som leiar fram mot ei rørsle, mens sjølve rørsla ligg utanfor ramma til teksten. På den måten håper eg at eg kan få lesarane til å spinne vidare på handlinga etter at lesinga er over.   

Du har ei eiga evne til å sette deg inn i både barn, ungdom, unge vaksne og vaksne, det er alltid like truverdig. Korleis går du inn i ein ny karakter? 

– Eg er veldig opptatt av å observere, og bruker mykje tid på å leggje merke til folks små gestar eller prøve å analysere meg fram til kvifor dei handlar som dei gjer. Ofte trengst det berre ein liten detalj, som kva tone folk snakkar i, korleis dei går eller held hendene, eller korleis dei interagerer fysisk med andre, for å danne seg eit bilete av ein spesiell type person, og det er desse små detaljane eg forsøker å få fatt i når eg skriv. Dette arbeidet er eg på ingen måte i mål med, det er meir av eit livsprosjekt – noko eg håper eg kan bli betre og betre på. 

 

Kan du seie noko om kva du sjølv interesserer deg for når du les, kva forfattarskapar du identifiserer deg med?  
 

– Noko av det eg sjølv set høgast når eg les, er forfattarar som vågar å gå inn i dei situasjonane og kjenslene ein ikkje snakkar høgt om, og som klarer å skape gjenkjenning i skildringane av det som er stygt og skamfullt. Den typen openberring som kan oppstå når ein les ei treffande skildring av ei kjensle eller ein refleksjon ein trudde ein var aleine om. Av novelleforfattarar er dette til dømes danske Caroline Albertine Minor og Naja Marie Aidt, eller av norske forfattarar: Roskva Koritzinsky og Therese Tungen, og ikkje minst, Merethe Lindstrøm. Den litt skjelvne kjensla ein ofte sit att med etter å ha lese novellene til Lindstrøm, fascinerer meg veldig.   

Dette er noko eg også strevar etter i mi eiga skriving – det verkar inn på valet av situasjonar eg vel å skrive om, og kva slags hovudpersonar eg vel meg ut (heller usympatiske enn reint sympatiske). I tillegg prøver eg å finne fram til dei detaljane som kan treffe på den same måten, eller den typen scener som det er ubehageleg for meg sjølv å skrive fram. Det gjer det sjølvsagt til ei mykje meir angstfylt oppleving å levere tekstane frå seg, men det skal jo koste litt å vere forfattar.

 

Ingrid Senje
Stupeteknikk

På kanten av kvardagens stup Eit ungt par er på reise gjennom Europa, med eit ubearbeidd traume i bagasjen. Ei mor tar med ungane sine på fjelltur og finn ein rotnande rådyrkalv framfor hyttedøra. Ei jente gjer alt for å få stupetrenaren til å sjå på henne, men utan at stefaren skal vite om det. Personane i Ingrid Senjes noveller står på kanten av høge stup, midt i den vanlege kvardagen. I situasjonar der avstanden mellom den dei er og den dei vil vere, er på sitt aller største, utfører dei handlingar like irrasjonelle som dei kjennest nødvendige. 

 

Ingrid Senje (f. 1987) er fødd i Oslo og busett i Milano. Ho har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og har tidlegare publisert tekstar i Signaler 2018 og i novelleantologien Ingenmannsland.

 

 

 

                             KJØP STUPETEKNIKK HER