Mennesket har alltid kjempa mot mørket, men no er det lyst nok

«Eg fekk sjå nye nattbilete av Europa, og det ser verre ut enn før – og då er det så viktig, 
dette medvitet på at vi ikkje treng alt dette kunstige lyset.»

Midt i den mørkaste årstida held Sigri Sandberg fram kampen for meir naturleg mørke. 

Det er snart tre år sidan Mørke kom ut, men boka har aldri vore meir aktuell. 

Sist veke vart boka selt til Kroatia og Spania, 9. og 10. landet. Samstundes skreiv NRK om hytteeigaranes kamp mot lysforureining i Ringsaker kommune. No innfører kommunen eigne lysreglar til fjells. Håpet er at fleire følgjer etter. 

Då Sigri Sandberg byrja arbeidet med boka var ho mørkeredd, men undervegs oppdaga ho at mørket ho frykta er mykje viktigare enn vi trur. No er ho mest redd for at det skal bli for lyst, og håper fleire får augo opp for det livsviktige mørket. 

Sigri Sandberg (Foto: privat)

Vi seier at vintrane og nettene i Noreg er så mørke og svarte, men kanskje er dei ikkje så mørke som vi trur?  

Mennesket har alltid kjempa mot mørket, men no er det lyst nok. Dei siste åra har medvitslaus bruk av energieffektive lyskjelder teke av, og då snakkar eg ikkje berre om utelys som gatelykter, flaum- og neonlys – men også om innelys frå lamper, nettbrett, tv- og mobilskjermar. Lysforureining blir definert som uønskt eller overflødig bruk av kunstig lys.  

Forskarar over heile verda no er opptekne av det naturlege mørket, kvifor det?

Det handlar om at lysforureining påverkar kloden på måtar vi ikkje har visst om. Bruken av kunstig lys aukar overalt og forstyrrer ikkje berre utsynet vårt til stjernehimmelen, men også rytmen til oss menneske, dyr og alt som lever.

Aktuell og vakker.

Janne Bjørgan, BA

Dette er ei bok å legge på nattbordet. 

Fredrik Wandrup, Dagbladet

Gi oss tre gode grunnar til å tenkje oss om før vi skrur lyset på fullt om kvelden

1. Vi er subtropiske dagdyr med cirkadisk rytme, det betyr at vi har behov for passelege mengder lys og mørke. 

2. Om kvelden og natta bør det difor vere mørkare enn om dagen, elles blir kroppen forvirra. 2. Hardt, blått lys gir hjernen signal om at no er det dag – og då stoggar produksjonen av hormonet melatonin, som gjer oss trøytte og i stand til å sove. Og det å sove – det er livsviktig!

3. Om du skrur på fullt lys – eller er på ein stad med mykje lysforureining, er det vanskelegare å sjå både solnedgang og stjernehimmel. Og skyfri nattehimmel, det er noko av det vakraste vi har.

Og ja, ein fjerde grunn: Verda blir meir fredeleg med litt mjukare lys på kvelden – og alle menneske, både ungsauer og gamle troll, blir vakrare i slikt lys, eg lovar, berre prøv!

Jeg fikk en virkelig oppvåkning av å lære om mørket, såvel som om lyset. Denne boken er viktig! Etter å ha lest boken har jeg tatt grep om lys i eget liv.

Helene Vassbotn Lervik, NRK P1

Det Sandberg er så god til, er å ta tak i personlege erfaringar, som mørkeredsel, og setje dei i ein mykje større kontekst; historisk, vitskapleg, kulturelt og politisk. Og ho gjer det på ein poetisk og vakker måte.

Elizabeth Schei, Fjell og Vidde

Korleis kan det ha seg at ei så tøff friluftsdame som deg kan vere mørkeredd? 

Ha-ha, eg er ikkje så tøff – og redselen er vel ikkje nett noko eg har valt sjølv. Eg trur det er ei urkjensle, frå den gongen det var mørkare enn no – og svært farleg å røre seg rundt i natta. Du kunne bli eten opp og alt mogleg. Då var det lurt å vere litt redd, og heller sitje ved bålet og varme seg.

Går det an å bli kurert for mørkeredsel? 

Ja, det er mogleg. Iallfall er det mogleg å prøve. Lusk deg ut av byen og ut i mørket og legg merke til kor mykje du faktisk kan sjå. Iallfall om det er både snø og stjerner. Ta gjerne med nokon å halde i handa om du er skikkeleg redd.


Sigri Sandberg (Foto: privat)

Sigri Sandberg har vore på Finse sidan ho var ei lita jente.

Sigri Sandberg helps us to reflect on Darkness, she deepens our understanding of, and highlights the importance of Darkness in our lives.

Daniel Moreano i Capitán Swing Libros

Sigri Sandberg:  Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på finse

Vinteren i Noreg er lang og svart. Eller er han eigentleg det? To tredelar av nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Det blir stadig fleire gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra og alt som lever?

Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg aleine til fjells vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. Vi møter også ei anna kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934.

Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur? 

HelseMørkeNatur