Huldas kjøkken er ei moderne kokebok der den allsidige kokken Ruth Hege Holst har late seg inspirere av Hulda Garborg. Forfattaren og kulturformidlaren Hulda Garborg (1862-1934), gav i 1898 ut kokeboka Heimestell. Holst har tatt utgangspunkt i dei aller beste rettane frå Heimestell og modernisert og tilrettelagt dei for dagens kjøkken og dagens smakspreferansar i I Huldas kjøkken. I tillegg har ho brukt sin eigen kokkekunst, kreativitet og fantasi til å skape heilt nye rettar og nye smakskombinasjonar. Og slik Hulda gjorde det i Heimestell, kombinerer Holst her det beste frå det tradisjonelle med det mest spennande frå det moderne kjøkken. Boka er gjennomillustrert av fotograf Tove Kristin Breistein. I jungelen av kokebøker representerer dette noko nytt for alle matglade. Boka byr på tradisjonsrik norsk mat - mykje av det i ny og eksotisk innpakning. Her finn ein oppskrifter på flatbrød med spennande dippar, steikt makrell med sennep, aioli og dill, gratinerte pannekaker, salatdressingar, suppekraft, baccalao og mykje, mykje meir.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO