Ein dag ser Jakob og Neikob at dei har fått ein nabo. Jakob blir glad, mens Neikob blir svært skeptisk og byggjer eit høgt gjerde. Jakob byggjer ei bru, men så har vel også Jakob høyrt at ein ikkje skal snakke med framande? Då naboen plutseleg trekker gardina for meiner Neikob at beviset er klart: Naboen har noko å skjule!
Meldingar
"Ny fulltreffer om radarparet Jakob og Neikob."
Marie L. Kleve, Dagbladet
"ei leikande, morosam, spennande og alvorleg historie som stikk hol på framandfrykt på sviande elegant vis."
Svein Olav Langåker, Framtida.no
"Slik Fosse har perfeksjonert gjentagelsens kunst for voksne, har Stai gjort det for lesere fra 2 til 100 år."
, Morgenbladet
"Her finner du en liten dose moral, som ikke føles påtrengende og en stor dose humor, en kan ikke annet enn å elske disse to karene."
Tine Sundal, Bokbloggar
Bla-i-boka
Kari Stai
Kari Stai(f. 1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. I 2021 kom ho også med sin første illustrerte roman for barn, Passe happy, som vann Kulturdepartementets illustrasjonspris. I 2022 kom Jakob og Neikob og tidsmaskinen, den aller siste boka om det kjende radarparet.
"Jakob og Neikob - Tjuven slår tilbake" er kåra som beste bok i sin kategori
Brageprisen 2012
"Jakob og Neikob - Tjuven slår tilbake"
Kritikerprisen 2013
for beste barne- og ungdomsbok, ”Jakob og Neikob - Tjuven slår tilbake”.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO